Kongleriket er barneklubben vår for dei mellom 0 og 7 år. Barna blir medlem når foreldra opprettar Sparekonto Start hos oss. Dei får lære om sparing og blir invitert med på kjekke aktivitetar gjennom året. Vi trur at ein god start med banken vil bidra til at barna får eit sunt forhold til økonomi når dei blir eldre.

Fordelar i Kongleriket

Kongleriket - banken til barna

I Kongleriket får barna lære om pengar og bank tilpassa deira kunnskapsnivå, og du som forelder får personleg rådgjeving på vegne av barnet.
– Klubbfordelane i Kongleriket er mange, seier Solveig Holsen, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Les meir om fordelane

Bli med inn i Kongleriket

Bli med inn i Kongleriket og høyr meir om Pengetreet, Ønskebrønnen og alt det andre som dyra i Kongleriket styrer med.
Bli kjent med Kongleriket

Kva skjer i Kongleriket?

I Kongleriket har vi kjekke aktivitetar gjennom året. Ved juletider kan barna blant anna vere med oss på gratis Konglekino. Vi har også to maskotar, Elin Ekorn og Kåre Bjørn som ofte er ute på arrangement og møter barna.
Sjå kva som skjer